lørdag 16. januar 2010

Ei ven, av Hans Hyldbakk

 

15112009136

Eg elskar vel mark og blomar
og glitrande fjord og fjell
og susing i sol og somar
og song i den seine kveld
Eg elskar alt vent i verda
og er som eit barn i tru.
Men aldri eg fann på ferda
ein dyrare skatt enn du


Trass alt som i glansen glitrar
det eig ikkje hug og hått,
og difor vert alt som kvitrar
om liv og om elsk så smått.
Vel kan det nok tankar tenda
og gjera meg fri og fjåg
og hugen mot høgdom venda;
- men du har eit hjarta og.


Om vinden kan panna svala,
når kvelden har solfallsbrand
han kan ikkje trøysting tala
og gje’ meg si venehand.
Om fjorden kan draumar dylja
og spegla ein himmel blå,
han kan ’kje som augo ylja
inn i mi hjartekrå.

Sjå difor på ord og ære
eg lovar med hand og munn
å fylja deg trutt, du kjære,
i livet til siste stund.
Eg opnar for deg i hugen
eit rom som er endelaust
og gjev deg mitt hjarta trugen
og handa til truskap traust.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar